I dag var eg på forfattarbesøk i ein niandeklasse i Oslo. Flotte elevar. Interesserte og flinke til å stille spørsmål.

Eg var ikkje like flink. Eg gjekk meg vill i korridorane. Skulen var så svær. Det var ni parallellklassar, spreidde over eit enormt område. (Eller var det fordi eg ikkje har sove i natt?)

Eg kjente meg som Kafka. Eg gjekk og gjekk mot klasserommet. Men eg kom jo aldri fram til det.

Til slutt nådde eg likevel målet. Og det var flotte elevar. Interesserte og flinke til å stille spørsmål. Dei spurte om forfattarskapen min. Om ”Mitt bultande hjärta”. Og om korleis det er å spele på det norske forfattarlandslaget i fotball.

Ja, eg spelar på landslaget i fotball. Det er ikkje like stor stas å seie det i 2013, som det var i 1994 eller 1998. Den gongen kunne vi slå dykk, svenskar! No har de Zlatan, og vi har ingen. Ikkje ei einaste stjerne. Der Zlatan triksar med appelsina si, har vi skrelt og ete henne for lengst.

Men eg spelar framleis på forfattarlandslaget. Når eg tenker etter, er det betre enn å spele på det vanlege landslaget. I tillegg til å vere flink til å spele fotball, må ein faktisk kunne skrive ei bok.

For nokre veker sidan vann vi 3-2 mot Italia. På bortebane i Roma. No må Martin Bengtsson og Gunnar Ardelius passe seg! De skal ikkje få vinne like lett neste gong!

I dag har eg kjent meg som Kafka. Og eg skal snart gå ut og kjøpe nye fotballsko.