Det er ei nesten ufatteleg fin kjensle å sjå ei bok du har skrive bli omsett til andre språk.
Akkurat det har eg opplevd fleire gonger i det siste. Og det er eg svært takknemleg for!
Den svenske utgåva av “Mitt bultande hjärta” blei lekker. Språket er godt, og omslaget er både tøft og sårt – noko eg synest står i stil med innhaldet.
I går fekk eg ei anna bok eg har skrive, “Mor og far i himmelen”, tilsendt i posten, på tysk. Det er første boka eg får omsett til tysk, og forlaget har gjort ein svært god jobb med henne. Sjølv snakkar eg berre skuletysk, men forstår iallfall nok til å skjøne mi eiga bok …
Uansett. Det samme skjedde både då “Mitt bultande hjärta” kom på svensk og då “Gott, du sag mal!” kom på tysk.
Eg blei barnsleg glad.
Hurra!