Klokka er litt over seks om morgonen. Eg har skrive heile natta. Romanen er på veg, og kroppen er full av krefter. Berre bloggen er tom. Den eg gler meg til å fylle med skrift.

Eg er ny på bokcirklar. Det merkar du fort. Eg er frå Noreg. Det merkar du fort. Eg skriv på nynorsk. Det merkar du fort.

Og eg har skrive romanen “Mitt bultande hjärta”. Eg håper jo at du skal merke det også.

Eg kjem til å skrive meir på denne gjestebloggen utover i veka. Aller først vil eg berre vite: Er det nokon som har lese “Mitt bultande hjärta” enno? Kan du fortelje meg kva du synest om romanen?

Klokka er litt over seks om morgonen. Som regel brukar eg å sove til åtte. Eg må logge av no, alle saman. Så er eg snart tilbake. Eg gler meg til å gå i sirkel med dykk!