Eg kjenner ei jente som no lever med sitt tredje hjarte. Ho måtte få nytt hjarte då ho var fjorten. Seinare måtte ho bytte ut det hjartet, også.

Av og til er eg blitt skremt av mitt eige hjarte. Eg kan ha kjent eit urytmisk slag. Fått ei kjensle av flimmer. Nokre gonger har eg vore redd for å døy av hjartesvikt. Farfar gjorde det. Kanskje vil det også skje meg? Dette er likevel berre ein bekymra tanke, som eg kan legge bort. For mange er det ein overhengande fare. Hjarte- og karsjukdommar tek nesten halvparten av alle liv i Noreg. Eg ser sikker på tala er nokså like i Sverige.

Av og til rammar hjartesjukdom også barn og ungdommar. Det kjennest urettvist. Hjartet bankar så sterkt i ein ung kropp. Hjå ungdommar i brytningstid, dei som står på terskelen til vaksenlivet. Dei som snart skal legge jorda under seg, oppdage, utforske, vinne nytt territorium.

Mitt bankande hjarte – eller Mitt bultande hjärta, som ho heiter på svensk – handlar om ei slik jente. Amanda er snart fjorten år og forelska. Samtidig truar ein farleg sjukdom med å røve frå ho alt, forelskinga, kjærleiken, livet. I den førre boka mi, Mor og far i himmelen, skreiv eg også om død og tap. I Mitt bankande hjarte finst det ein endå sterkare livspuls. Det er eigentleg ikkje ei sjukdomshistorie. Det er ei kjærleikshistorie.

Det er skrive mykje om kjærleik for ungdom. Men det er ikkje skrive så mykje om kjærleik og sjukdom. Og det er skrive lite om kjærleik og hjartesjukdom. Sjølv om nettopp hjartet rommar alle dei store spørsmåla knytt til eksistens og identitet.

Hjartet er ein av dei alle mest brukte metaforane våre. Eg har prøvd å hente metaforen attende til brystet. Korleis er det for ei ung jente å vere forelska og samtidig vente på hjartetransplantasjon?

På Rikshospitalet i Oslo har legane gjort over 700 hjartetransplantasjonar sidan dei begynte med dette i 1983. Det er 700 enkeltlagnader. 700 liv som fekk ei dramatisk vending. Eg skriv ikkje ei av desse 700 historiene. Men eg har ønskt å skrive så sant som mogleg.

Livsmotet til personar som har vore nær døden, er ofte påfallande sterkt. I møte med slike personar får eg sjølv ein oppvekkjar. Eg må ikkje ta livet for gitt. Eg må ikkje la det gli forbi utan å fylle det med meining. Vi har alle ei gitt tid. Ei tid til å lese, ei tid til å le. Ei tid til å gråte, sykle, elske, skrive.

Mitt bankande hjarte er Amandas kjærleikshistorie. Det er historia om det aller finaste og det aller fælaste på same tid. Det kunne like gjerne vore historia om meg. Alf Kjetil Walgermo, oppvaksen i ei lita bygd på det norske Vestlandet. Hjartet mitt har slått i 36 år.