For nokre dagar sidan gjorde eg noko gøy. Eg hadde konsert på medlemsmøtet til NBU (Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere).

Ved sida av å skrive bøker, lagar eg også musikk. Eg har eit lite band – så lite at vi for tida berre er to faste medlemmar. Eg på gitar og vokal. Johan på gitar. På konserten blei vi presentert som Alf Kjetil Walgermo Band, «din totalleverandør av kortreist og langbeint musikk».

Å skrive låttekstar er ein fin måte å utvikle språket på. Dette bruker eg ofte å seie når eg er rundt i skuleklassar på forfattarturné. Og mange av dei fattar poenget. Særleg vaknar dei tøffaste gutane når dei forstår at eg kan spele gitar. Og dei innser at det kanskje ikkje er så dumt å lese bøker likevel. Då øver dei opp språket så låttekstane dei snart skal skrive ikkje skal bli platte og flaue.

Det er også fint å spele for barne- og ungdomsbokforfattarar. Dei lyttar nøye. Eit velvillig og kritisk publikum.

Då konserten var ferdig, fekk eg denne fantastiske illustrasjonen frå Anna Fiske. Eg må nesten dele han med dykk, ikkje minst fordi Anna Fiske er svensk-norsk.

Kombinasjonar av Sverige og Noreg blir ofte bra. For ikkje å snakke om kombinasjonen av bok, illustrasjon og musikk! Når slike teikningar dukkar opp, blir eg iallfall inspirert. Det blir altså fleire konsertar framover! Så berre sei ifrå, Sverige, om de vil ha kombinert forfattar- og bandbesøk!

Alf Kjetil Walgermo Band

 

(Johan til venstre, eg til høgre.)